Om å leita og finna

Jörg Colberg, USA, er ein respektert fotograf, fotolærar og kritikar. Nyleg såg eg ein liten fotoserie han hadde laga frå San Francisco. Eg har knapt sett noko dårlegare av ein velrennomert fotograf. Bileta vart ikkje stort betre etter eg las eit intervju bloggaren Blake Andrews har med Colberg om saka.

Men Colberg arbeider på ein måte som appellerer til meg. Han berre «må» laga ein fotoserie kvar gong han er på ei lengre reise. Fotograferinga skjer raskt og spontant. San Francisco-serien viser små detaljar frå eit urbant miljø, fullstendig anonymt. Kvar serie vert utgitt i bokform, 1 eksemplar av kvar. Nokre av bøkene er gode, men som han sjølv seier – dei fleste er mildt sagt dårlege.

Poenget er å læra. Kva kunne han gjort betre? På denne måten utfordrar han måten å arbeida på, og måten å tenkja foto på. Men uavhengig av desse prosjekta meiner han eit foto krev tid – for å sjå, høyra og føla kva det seier.

Colberg likar å ta ein tur utan spesielle mål for auga. Så får tinga finna han. Det har også eg gjort med dei tre bileta nedanfor. Du får dei utan forklaring.