Om å køyra i ring

Ringvegen kring Island byr alltid på noko nytt, men stundom får ein lyst på ein avstikkar som muntrar opp. Me ville sjå og høyra havet brusa mot dei sørlandske strender. Stikkvegen var ikkje merka. For kvar hundre meter vart han smalare, meir humpete og svartare. Svart lavasand på alle kantar. Havet tyktest vera like langt unna. Etter lang rygging fekk me snudd den vesle Susuki'en utan firhjulstrekk og berga oss inn att på ringvegen eit par kilometer unna.

Dei fleste bruer på Island er einvegskøyrde, og gjerne med dekke av metallrister. Her og der dukkar det opp ei bensinpumpe, utan at me kan sjå busetnad i noko retning. Dei fungerer.

Ein tur på gode, lange strekningar er som å sjå svære panorama i sakte kino. Somme stader er me omgjevne av svart lava, andre stader har lavaen tjukke, lyst gule moseteppe. Ikkje gå utpå, du veit aldri når du set foten fast eit hol.