Nye (gamle) venteskur

Eg har fått bussventeskur på hjernen. For eit par dagar sidan tråla eg ein heil kommune utan å finna skur av interesse. Men dei finst. Ofte er dei laga eller utstyrde av folk med skaparevner eller med omtanke for sine medmenneske. Det øvste ligg ved riksvegen nær Camphill landsby i Hogganvik I Hordaland (tidlegare fylkesnamn er vanskelege å rista av seg) Større kontrast til dei glatte, kjønnslause moderne venteskura skal ein leita lenge etter. Camphill-landsbyane  er tilrettelagde for unge og vaksne med særleg trong for omsorg. Grunnsteinen i tiltaket er filosofien til Rudolf Steiner.

Det andre venteskuret ligg i ein utkant av Suldal kommune i Rogaland. Ein mann fekk idéen med å tilby dei vegfarande gratis litteratur, og dei vegfarande har sjølve gjort sitt til at venteskuret alltid er velfylt. Frå skuret tok eg med meg den svære romanen «I en ulvetid» av Hans Fallada, norsk utgjeving i 1938. Alt etter kva litterær interesse ein har, kan ein finna både gullkorn og søppel her. Visdomsordet  er frå dette venteskuret.

Det siste skuret fann eg avsides I Lindås kommune i Hordaland. Det får tala for seg sjølv.