Nostalgi

Det hender eg reiser til barndomstraktene mine. Det er med lita glede eg opplever korleis infrastruktur og moderne arkitektur øydelegg det som ein gong var mitt doméne. Men det er lite eg kan gjera med det.

Ved dampskipskaien var det i min barndom eit meieri. Bøndene kom med hest og kjerre for å levera mjølk. Eg vart send ut for å kjøpa  mjølk i eit spann som tok to-tre liter. Den som hadde hatt eit kamera den gongen! Så vart det bygt eit nytt meieri som eg knappast var innom, endå det var næraste nabo. Butikkane overtok mjølkesalet. Det nye meieriet hadde også si tilmålte tid. No skal det bli eit fritidshus for ungdom.

Eg sneik meg innafor gjerdet i palmehelga og fotograferte litt. Det var skarpt solskin, men det passa perfekt. På to av bileta er det eit stort kvitt todelt hus i bakgrunnen. Den eldste delen var i si tid ein folkehøgskule som far min bygde og styrde. For tida er den ein del av ein kommunal ungdomsskule. Om kort tid er truleg den også borte for å gje plass til attraktive bustadtomter.

Slik er det å verta heimlaus.