Når kunsten skal berga verda

«Eg vert meir og meir overtydd om at kunst kan berga verda. Og venleiken kan berga verda. Dette er ikkje berre ein romantisk idé. Det er sant.»

Orda kjem frå Renzo Piano, arkitekt for Astrup Fearnley Museet i Oslo.

Aldri har det vore meir (såkalla) kunst enn i dag, og verda er framleis eit galehus. Som nemnt tidlegare på bloggen såg eg for nokre år sidan eit stort grått maleri utan sjatteringar på Museet for samtidskunst i Oslo. Hundre prosent daudt. Eg hugsar ikkje kven kunstnaren var. I Galleri Riis i Oslo kan ein for tida sjå arbeid av Stein Rønning. Også desse er monokrome einsarta flater, men i fargar. Både det store grå «biletet» og Rønning sine flater vitnar om den totale tomleiken, den totale mangelen på noko å formidla. Slike flater er ikkje noko nytt fenomen i kunstverda, men dei er lettvinte, kyniske og nihilistiske – og så skal dei berga verda?

På Fotografiska (museum) i Stockholm såg eg nyleg foto av Nick Brandt. Det var som ein kntttneve i trynet. Brandt er ein dyktig dyrefotograf med Afrika som spesialområde. Denne gongen har han montert tidlegare fotografi av ville dyr på svære plater og stilt dei opp på søppelplassar, industriområde og andre stader der sivilisasjonen breier seg. Brandt skriv: «Alle desse milliardar av år for å skapa ei vakker verd med stort mangfald, og så – på få år – utsletta alt saman.»

Fotografiska har også utstillingar om levekåra til sigøynarar ulike stader i Europa (fotograf: Åke Ericson), og eit større samarbeidsprosjekt kalla «Ikoner» der 21 personar med Downs syndrom er (kva for seg) sminka og regissert etter alle kunstens reglar for å kunna gli inn i roller som vidgjetne personar i fortid og nyare tid (fotograf: Emma Svensson).

Frå Nick Brandts utstilling «Inherit the Dust».

Nick Brandt

Frå Åke Ericsons utstilling «Non Grata» om sigøynarliv.

Frå «Ikoner» av Emma Svensson. 'Marlon Brando'

Frå «Ikoner». Scene frå filmen 'Titanic'

(Bileta er fotograferte i museet og kan ha refleksar frå omgjevnadene)


2 responses
Absolutt enig i betrakningen din, kunst er eit språk og dei ulike kunstformene som medier å rekna. Det å betrakte kunst som god eller dårlig kan bli eit spørsmål om teknikk og innhald, men også meninger eller løgner og sanning, om dette har ei flott innpakning kan det bli lettere å håpe på det, eller for den nave til å tru på det, også om det er rein løgn.
1 visitor upvoted this post.