Når jakta tek overhand

Eg tenkte ikkje eg skulle bli så fanga, men no jaktar eg grinder både sør og nord for Bergen. Kanskje er det også nokre innafor byens grenser, for alt eg veit. Nyleg hadde eg ein todagars  og utbyterik tur til Nordhordland saman med ein svoger. Me kika ut glaset på kvar vår side av bilen medan køen bak oss vart lengre og lengre. Hadde gode vandringar, prate- og matpausar. Veret var på sitt finaste, endå det ikkje var optimalt (grått). Det vart alltid ein god prat med folk me møtte, enten ute på eit jorde eller på ein kafé.

På slike turar er det lett å falla for motiv som ikkje høyrer med til temaet, men det er godt med variasjonar. Både skyer og vegar er tema som alltid ligg i bakhovudet. Tida blir knapp når alt dukkar opp nesten samstundes. Det er lov å gle seg til fleire slike turar.