Når isen har lagt seg

Det hender dagar er perfekte. Sist tysdag var himmelen blå, sola gul – eller kva ho no er, temperaturen midt mellom pluss og minus, vinden flau, landskapet flatt, tannverken heldt seg borte. Ikkje eit menneske i sikte. Motiva eg skulle fotografera var på plass. Det som likevel gjode meg yr av glede, og som overrumpla meg fullstendig, var ei hinne av is på 2-300 kvadratmeter som låg på bakken. Kraftig regn hadde laga ein stor dam, og isen hadde lagt seg som ei tynn hinne på overflata. Vatnet hadde så trekt ned i jorda, og isen kollapsa mot bakken og laga eit teppe av alskens merkelege mønster.

Ein som er sterkare i trua enn eg ville kanskje sagt at her har Gud leika seg. Om ikkje, kven har så bestemt at vatnet skal frysa til slike mønster, så vakre, harmoniske og varierte? Om nokon veit det, så ikkje sei det til meg.

På eit industriområde ein annan stad var isen på sølepyttane knuste av tunge bilar. På det nederste fotoet er isen først knust, og så har det grumsete vatnet frose til att. Det er noko fjellstøtt og jotunaktig over denne vesle detaljen.