Møtte Jesus i kyrkja

Notisbok og blyant er det lettaste tilleggsutstyret du har når du fotograferer. Eg trudde fjorårets Island-reise skulle sitja som klistra i hjernen på grunn av dei mektige opplevingane. Så viser det seg at det stadig ramlar bitar ut av puslespelet. Bileta er likevel ein god minnebank når eg hentar dei fram.

Höfn (uttalast Höbn) er ein fiskar- og reiselivsby på Søraustlandet med litt over 2000 innbyggjarar. Eg flotta meg litt med middag på hotellet; røykt and. Det smakte korkje fugl eller fisk. Ei fyldig suppe på folkelege Gamlabui var mykje betre.. I daglegvarebutikken vart eg ekspedert av ei trønderdame som hadde budd på Island i mange år utan å ta skade på språket sitt.

Den gamle kyrkja i sentrum er ein miserabel kasse av blekkplater og rusta tårn, men åndelege opplevingar er ikkje avhengig av det ytre. I inngangen blir eg møtt av Jesus med mikrofon i neven. Han seier ikkje noko. Ved preikestolen dominerer ein blid Pusur, malt på eit dørblad. Plassen innafor den mikroskopiske altarringen er fylt av pappmodellar av kyrkjer. Kyrkja hadde vore brukt til eit nyleg festarrangement i byen, men notisboka mangla opplysningar om kva som føregjekk. Gode krefter i byen arbeider for å få kyrkja restaurert, slik at ho kanskje på nytt kan få ein aura av heilagdom.

I båthamna – ikkje ein einaste lystbåt. Alt er konsentrert om fiske.