Kanskje har nokre arbeidskameratar meska seg med nistematen i friluft. Då set nokre striper majones ein ekstra spiss på brødet. Tuben vert kasta i næraste konteinar når han er tom. Tom og tom – kråka veit betre. Ho hakkar laus på tuben og får med seg det som måtte vera att. Og eg tar med meg heim det som måtte vera att av tuben. Stativ, blendar 22, overskya. Det er eit heilt arbeid å ta seg av det som andre kvittar seg med.
Etter middag les eg «Kunstforum». Fordelen med det tidsskriftet er at eg skjønar nesten ikkje noko av det som står der. Nummeret handlar om åndelege kunstverk, kunst og spiritualitet, og om andre dimensjonar. Her blir Tommy Olsson sitert på at «Å våkne til en ny dag av mas og faenskap er en åndelig opplevelse.» Elles seier han mykje bra. Josefine Lyche «ønsker å hensette sine tilskuere til en annen dimensjon og komme fra det med en utvidet bevissthet om mennekets plass i universet.»
Det med min plass i Universet er eg smerteleg klar over. Difor vert eg så overbegeistra for to sekker fulle av plast. Flytebrygga får vera med på kjøpet.