Meir dårleg ver

Det var stiv kuling og regn då dagen lysna. Eg gledde meg. Påstanden til den finske fotografen Sammalahti «Til dårlegare ver, til betre bilete» hadde festa seg i hjernen. Han har rett oftare enn eg trur, så det skadar ikkje å prøva. I dette tilfellet var det ei bryggje som lokka; ofte fotografert i godver. Eg må vedgå at eg stod i ly av ei naustur, og med kamera pakka inn i ein plastpose. Etter kvart som bølgjene bryt vert det mange eksponeringar, og dei fleste bilete må kastast i etterkant, men det er greitt så lenge to-tre bilete er gode nok for min indre kritikar. Eg har sett mange flotte fotografi av opprørt sjø. Desse her er i småskalaformat, men det er greitt nok, det òg.

Det er stille når skodda ligg lågt over landskapet. Det er ikkje så mykje meir å seia om det.

Eg ser over teksten til bloggen, og undrast over at eg brukar så mange ord. Eg får seia med fotograf Jonas Bendiksen: «Eg trur eg er ein ganskje vanleg fotograf. Det er svært lite hokus-pokus i det eg gjer.» Så kvifor bruka mange ord? Fotografen Bruno Barbey seier at fotografiet er det einaste språket som kan bli forstått i heile verda. Så kvifor pøsa på med eit kuratorspråk som forvanskar det heile?