– Meg sjølv

Ein gong i veka går eg tur med ein fotokollega i nærmiljøet. Turen er det primære, fotografering det sekundære. Men blikket er skjerpa. Nyleg rusla me i ei båthamn. Vår tids velstand viser seg blant anna i bilparken ved handlesentra, og fartøya i båthamner. Den som har ein dyr bil har også ein dyr båt. Framleis ligg dei fleste båtane på sjøen. Nokre få har stått på land i sommar; kom liksom ikkje i gang i år. Presenningen flagrar.

Eg spør ofte meg sjølv kva som er poenget når eg fotograferer. Den amerikanske fotografen Blake Edwards svarar slik på spørsmålet kvifor, og for kven han fotograferer: «Meg sjølv. For resten av samfunnet kan det sjå ut som eg har kasta vekk tjue år på å ikkje gjera noko. Ikkje ein gong dei fleste andre fotografar forstår bileta mine.»

Eg likar haldninga. Men han er ein ivrig bloggar som gjerne viser bileta sine, nett som eg, og må vel ha eit håp – nett som eg – om at nokon set pris på det han gjer. Eg kan ha det moro isolert sett når eg fotograferer, men eit foto må møta eit menneske for å kunna vera eit foto.