Med hjarte for stein

Hjarta er dandert på ei strand i Arabygdi i Telemark.Det er kanskje fordomsfullt å tru det er laga av ei jente og ikkje av ein gut, men eg tar sjansen. Det andre fotoet viser stranda der eg fann hjarta. Det er definitivt ikkje ei jærstrand. Stranda er eit resultat av ein sterkt nedtappa innsjø som er kraftmagasin. Fin mjuk sandstrand – som står under vatn når magasinet er fullt. Det tredje fotoet er same stranda med utsyn mot aust. Det er uvant og fint for oss vestlendingar å oppleva slikt.