Me rustar oss til jul

Den mørkaste dagen i året var for to dagar sidan, men også det mørkaste døgret har sine lyse sider. Skiftande tider har det alltid vore. No har me fått eit nytt innslag: klimaet. Dommedag har aldri vore nærare, og born og unge aldri meir vetskræmde. Kloden kokar. Dei av oss som ikkje tåler mørkret og nullgrader rømer til Syden.

At tida går er rusten eit prov på. Eg har samla på rust i mange år. Det meste av det som er fotografert er borte no, eller om kort tid. Det var til glede så lenge det varde. Det er på tide å laga ei rustbok. Og ei snøbok. Og ei vatnbok. Og ei bok om grinder. Og om nakne kvinner. På det siste temaet har eg lite å fara med. I staden blir det ein liten juleferie. Og så: eit triveleg nytt år til alle!