Materialitet

Ned att på same staden, gong etter gong. Augene ser det same, men på nye måtar. Små ting tar eg med heim og fotograferer dei i eit primitivt friluftsatelier på verandaen der dagslyset er einaste lyskjelda. Eg høgg ved med vanleg øks. Dei minste kubbane samlar eg i banankartongar. Ein kamerat tok til å snu og venda på dei og sa «Fy søren, altså» Han meinte dei var fine. Dermed var det å rigga seg til i friluft:

Den rektangulære treflaten fann eg på bostippen saman med fleire andre liknande trestykke. Det vart ein serie av dei, som med bjørkekubbane. Eg kosar meg med heile prosessen, frå eg oppdagar noko, til det står ferdig på dataskjermen. Utskrift og innramming vert det mindre med, men intensjonen er der.

Den krølla aluminiumplata var for stor til å ta med seg heim. Ho hadde ein komposisjon eg fall for, og eit mjukt og fint lys. Så var også den i hamn.

Området eg vandrar på, er vidt. Sundagane er det nesten fritt for fritt for folk, og så godt som stille, med unntak av kråke- og måseskrik. I strandkanten hiv nokre gjestearbeidarar sluken langt ut over sjøen.