Løe i sakte kino

Denne løa viste teikn til forfall for fleire år sidan. Då eg oppdaga henne vart det «mi» løe. Eg følgde henne jamnleg, endå ho låg langt frå der eg bur. Det uunngåelege hende, men med lange mellomron. For nokre dagar sidan var det endeleg slutt. Svære gode skiferheller låg stabla utanfor tomta. Berre betongsiloen sto att. Det hadde vore fint om eg kunne følgt den siste demonteringa, men ein kan ikkje få alt. Eg kunne tatt kontakt med eigaren og kanskje fått ein avtale, men det vart ikkje gjort. Ei anna løe i nærleiken som også viste teikn til forfall, vart riven nokså kontant. Også der var det fine takheller, men heilt kvadratiske.

God planlegging kunne gitt ein annan biletserie. Det er ikkje farleg å snakka med folk. Det er enten ja eller nei.