Livet er meir enn stein

Det blir skumla bak ryggen min at eg berre er opptatt av å fotografera stein i ulike storleikar. Ikkje noko kan vera meir feil. Kvinner, vin og song, seier no eg – utan at det blir så mykje av den slags heller. På ein rusletur langs stranda kan det dukka opp rare og fine ting, som til dømes eit tørt og skjørt tareblad. Enno ein gong hadde eg gløymt å ta med Co-op-handleposen. Men tarebladet kom trygt heim og vart fotografert under kontrollerte forhold. I fjøra er det også rikeleg med steinar tettpakka med rur. Oj, der sneik det seg inn ein stein likevel.

Du veit kva lubbesild er? For nokon er denne salta og tørka varianten av sild ein delikatesse. Det er også mogleg å spela ein melodi eller fleire på lubbesild. Eg har høyrt det sjølv, på to seriøse konsertar. Og metallband; eg brukar 0,4 prosent av tida mi til å fotografera slike.

Stranda eg nemnde har ein fin turveg like ved. På denne tida er landskapet ikring fylt av kvitveis, gaukesyre, kusymre og vårkål. Det er banale motiv, men eg kan ikkje godt gå forbi utan å gjera noko med det.