Litt meir is og hav

Ein kort visitt til Fjallsárlón i enden av Fjalljökull. Den liknar på Jökullsárlón, men her vert isen liggande til han smeltar heilt. Ein vaskebrettveg fører fram til vatnet. Synet som møter oss er overveldande, der me står på eit høgdedrag og ser ned på vatnet. Nokre hundre meter frå parkeringsplassen blir floskelen 'tida står stille' gyldig her. Breen er svær, trass i at han berre er eit lite utspring av giganten Vatnajökull. Eg veit han flyt nedover, men eg kan ikkje sjå det. Heile landskapet er ugjestmildt. Is, lava. Det er ingen stad for dyrking av gulrøter, men her, under den milde seinsommarsola og dei mektige skyene, kunne eg vore i timevis.

Byen Vik er ein klassisk islandsk småby, og utgangspunktet for Dyrhólaey, ein av dei stadene på Island som har gjort størst inntrykk på meg. Både frå Vik og Dyrólaey ser eg landemerket Reynisdrangar, ein klippeformasjon nokre hundre meter frå land. Meir om Dyrólaey neste gong.