Kunst i Bergen

Ein tur til Bergen for å titta på kunst er alltid interessant. Eit av kode-musea viser eit einaste verk av svenke Henrik Håkansson, og det åleine fyller ein heil sal. Håkansson har sett seg ut ei or ved Svartediket, og fått henne riven opp med rot. Så let han treet tørka i eitt år før han delte det opp til verket 'Eitt hundre og ein bitar av tre' og stilt det ut på metallstativ overlyssalen.

Pablo Picasso var ein svært produktiv kunstnar. Det kanskje mest kjende verket er «Guernica»; ein protest mot det tyske flyangrepet på den spanske byen Guernica like før andre verdskrigen. I Bergen er det nett no stilt ut fleire hundre trykk frå ei samling Picasso kalte «Suite 347». Er du glad i erotikk så er dette noko for deg. Her er det store mengder puppar og lår og kjønnslyst. Menn er ein del av det heile, men det er den nakne kvinna som rår grunnen. Mange av bileta er ganske små, og eg gav opp å koma gjennom heile serien, trass bra variasjon i materialet.