Komfortsona, enno ein gong

Spaltisten Tim Clinch i Black + White Photography arrangerer fotoarbeidskurs:  «Eg vil, på ein hyggeleg måte, få deg ut av komfortsona. Få deg til å tenkja, og til å fotografera på måtar du aldri har gjort før.»

Arbeidskursa vert haldne i Spania og Bulgaria «i vakre omgivnader der me kan ta vakre bilete, eta god mat og nyta det gode fellesskapet.»

Snakk om komfortsone! Og den gode Clinch tek til vanleg bilete som ikkje er alt for utfordrande, korkje for kjensler eller intellekt.

Eg tenkjer sjeldan på komfortsona, og eg vil gjerne ta estetisk vakre bilete. Det å koma ut av komfortsona kan vera alt frå ein lang og strabasiøs tur for å nå eit mål, til å gå inn i ein situasjon som mentalt byr deg imot. Eller til å utforska nye teknikkar som gjev resultat du ikkje kunne drøymt om.

Eg  reiste til Odda for å fotografera største steinen i Noreg. Den veg 65.000 tonn. Det vart ikkje noko eksepsjonelt foto. På same turen ville eg ha bilete av ein annan frittståande stein. Eg måtte klatra i bratt ur for å koma fram til han. Det har, i fotografisk forstand, lite med komfortsona å gjera. Men Oddmundsteinen gjorde inntrykk. Han spratt ut av fjellsida midt på lyse dagen 12. mars 1978 og hamna med spissen ned midt ute på eit jorde. Rotary i Odda har spander ein plakett på steinen, med bøn om at han får stå i fred.

Dagen i Odda var så grå han kunne verta. Eg måtte gjera som Ansel Adams; visualisera. Sjå for meg kva eg ville ha ut frå eit tilsynelatande håplaust utgangspunkt.

Til bileta: Oddmunssteinen får snakka for seg sjølv. Sigarettøskja fann eg ved den vakre Furebergfossen i Hardanger. Øskja vart for meg viktigare enn fossen. Det varme fotoet er av maling som flassar av på ein konteiner. Dei tre tindane er frå ei aluminiumplate på ein industriarbeidsplass.