Dei siste vekene har eg vore hekta på ved. Felling av tre, kutting, kløyving, alt med ei enkel handsag. Det tar tid, og det blir smått med fotografering. Så oppdagar eg vedens interiør. Mange rare og fine mønster både på langs og tvers. Så er det fram med kamerastativ og bakgrunnar. Lyset skifter, og det får så vera. Nokre bilete vert tatt inne i kunstig lys, andre i naturleg utelys. Variasjonane er store.
Kvar kubbe blir granska, og finn eg noko interessant, så vekslar dagen mellom øks, sag og kamera. Det er ein fin kombinasjon av hobby og arbeid, og ein dempar for urolege tankar.