Klasseskilje i kunstforståinga?

Komponisten Helge Iberg har gjort seg nokre tankar om kunst, med utgangspunkt i eit essay filosofen José Ortega y Gasset skreiv for 90 år sidan. Gasset slo eit slag for dehumanisering av kunsten, som han meinte var altfor spekka av kjensler. Den nye kunsten, skreiv Gasset, deler publikum i to klassar: Dei som forstår, og dei som ikkje forstår. Difor må kunstnaren venda seg til ei eksklusiv gruppe og la den jevne publikummar forstå at han ikkje har tilgang til kunstens sakrament.

Iberg meiner dehumaniseringa har gått for langt, men meir om dette i neste blogginnlegg.

Museet for samtidskunst (Oslo) er ei kjelde til stadig forundring. Eg er innom kvar gong eg er i hovudstaden. Denne gongen gjekk eg mellom anna framom ein haug med vanlege kleplagg på ein vanleg kjøkenstol. Ikkje noko fiksfakseri. Eg trudde nokon hadde gløymt å rydda. Men det var alvorleg meint. Tydelegare kan ikkje «forstår–ikkje forstår» illustrerast.

Bileta nedanfor har ikkje annan samanheng med teksten over enn at dei er mynta på den jevne publikummar: Ei kvitkløvereng sett gjennom glaset i eit bussventeskur, ei kvernrenne med flaumvatn, litt malingssprut, litt rust – og ein svamp.