Kjempene i Myrkdalen

Vegen mellom Voss og Sognefjorden går rett nord gjennom Myrkdalen. To stader på denne strekninga lig ein del fjellblokker som alltid har fascinert meg. Før oppstiginga til Vikafjellet er det ei strekning som førebels ser ut til å vera verna mot skiturismens raseringar. Her ligg ein del blokker tilfeldig strødd utover (Dei tre første fotoa). Kanskje vart dei førde hit då innlandsisen smelta, for det verkar ulogisk at dei kan ha ramla ned frå dei slakke fjellsidene i ettertid. Ein geolog kan sikkert svara. Kanskje finst det folkelege forteljingar om troll som har kasta stein i sinne.

Nærare Voss, litt nord for Tvindefossen, ligg steinblokker som tydeleg har rast ut frå fjellet (dei to siste bileta). Mektige og vektige er dei uansett. Skulle likt, eller kanskje ikkje, å ha vore til stades då dei kom ned. Dragninga var i alle fall sterk nok til at eg køyrde i mange timar berre for å fotografera desse steinane. Det var verdt opplevinga.