Karitas oppvekstby

Eyrarbakka er ein av dei mest trøysteslause småbyane på Island. Påstanden er sikkert fordomsfull, for kva veit eg om byens indre liv? Ein gong var det ein rik fiskeri- og handelsby som tok imot impulsar frå kontinentet via danske kjøpmenn som slo seg ned her. Tusen innbyggjarar på det meste, no halvert. Byen har mista butikkane, industrien og alle offentlege tenestetilbod. Ikkje ein gong minibanken fekk dei ha. Som plaster på såret har dei fått det største fengselet i Island. Turismen er også viktig.

For eit par år sidan vart Kristin Baldursdottir vide kjend for romamen «Karitas». Hovudpersonen kjem frå Eyrarbakka. Guiden på bygdemuseet fortel at det kjem turistar, ja heile busslaster, einast på grunn av Karitas.

I museet er det ein kopi av eit eldre maleri som ingen på museet kjenner originalen til. I si tid var det truleg altartavla i Haukadalskyrkja nær Geysir.

I eine enden av byen er fengselet; i andre enden to bussar som begge er ute av rute. Og påstanden frå somme forskarar er at den første europearen som oppdaga Amerika ikkje var Leif Eiriksson, men Bjarni Herjolfsson frå Eyrarbakka. Der fekk du den, Leif.