Jeg har begynt

Jeg har begynt, ja, men med kva? Same det; det viktigaste er å koma i gang. Eit lite steg om gongen kan gjera underverk. Teksten ligg, inntil vidare, på ein plass med mykje skrot, så det spørst om tekstforfattaren har fått realisert planane sine.

Kontorstolen hat stått ute i vind og regn nokre år. Eg er tilhengar av ombruk, men det går ei grense sjølv for meg. Det skulle ikkje undra meg om stolen fekk sparken medan han framleis var brukande.

Eit iinstrument-panel har også fått sparken. Eg anar ikkje kva det har vore brukt til.  Brannhydranten har framleis sin funksjon. Badekaret er dytta ut, men svært mange slike har gjort, eller gjer, nytte som drikkekar for beitedyr.

Slik er det når eg går på kjende stiar og ikkje har den minste von om at noko interessant skal dukka opp. Og når dukkar opp noko er det opp til meg om eg greier å fylla det med meining.