I tussmørket

Sist veke vart den faste onsdagsturen innhenta av tussmørket. Då var det godt å ha stativ; eit hjelpemiddel eg sjelden drassar på. Me vandra i ein park med strandline. Haustfargane omslutta oss. Kitch, men la gå, me let oss ikkje kua av meiningstyranniet.

Strandlina byr på meir enn haustfarger. Noko er best i svart kvitt. Der noko er menneskeskapt anar eg alltid ei forteljing, meir eller mindre diffus. Nokon har montert eit stupebrett, og nokon har stupt frå det. Ungdommeleg plasking og frydefulle kvin i kjøleg sommarsjø. Andre flikkar på ein båt. Status quo er nasjonalfargane. Det er ikkje godt å seia om det blir med det. Ein fortøyingspåle har sett sine beste dagar. Han har ingen misjon lenger. Det er mange tusen slike fortøyingspunkt langs kysten vår, dei fleste ute av bruk. Også planten med dei svinnande store blada er ein gong planta med omsorg.

Den svenske fotografen Alf Johansson stod ved ein høg mur i byen då ei kvinne i raud jakke sykla framom: «Kanskje er dette eit av dei vanlegaste gatemotiva, dersom ein ser for seg syklisten bytt ut med ulike andre personar. Ein krokrygga gamling er vel det mest vanlege. Det finst ein heil del slike fotografiske arketypar. Same kor mange gonger me ser dei, og same kor inkjeseiande me reknar dei for å vera, kan me ikkje unngå å trykkja på utløysaren. I slike tilfelle er ikkje eg noko unntak.»