I forbifarten

Gjestebloggar Lars Bø


Eg skulle gjerne fotografert på heiltid. Men med både familie, hus og heim er det ein hel del andre ting som må gjerast. Men når eg fer slik og handlar, vitjar legen, har bilen på verkstad m.m., så får eg brått auga på motiv i sidesynet. Kva gjer eg då? Lærdom frå tidlegare gjer at eg alltid har med kamera. Eit raskt blikk i bakspegelen – nei, der er det bilar. Så vert det ein liten runde før eg endeleg kjem på plass. Det er kanskje galskap, men moro.

Slik fekk eg festa eit einsleg bussventeskur til brikka. Det var ein gråkald haustdag langt frå urbane strøk. Den tette oreskogen understreka stemninga.

Ein dag fekk eg med meg huset og byen. Det nye kulturhuset i Molde og den nære busetnaden.

Like ved trelasthandelen heime står det store kornsiloar. Saman med den gule bygningen og den knall blå himmelen var det akkurat slik det skulle vera.

På ein tur på Ørlandet vart det også litt underleg køyring før eg fekk med meg den gyldne låven, rett før sola gjekk ned.

Det er slikt som dette som er bilete i forbifarten, eller bonusbilete, om du vil.