Hus utan von

Ein stad på Vestlandet fann eg dette huset, langt utanfor allfarveg. Gefundenes fressen, som det heiter på norsk. Eller med Ari Behn: Trist som faen. Han tenkte på andre ting enn hus som ramlar saman. Det er rart at ting som er triste for nokon kan vera til glede for andre, ein fotograf til dømes.

Huset har stått tomt i mange år, og går sin undergang sakte men sikkert i møte. Før eller seinare vert det rive. Det var ikkje verre (ille nok) enn at eg kunne smyga meg inn den øydelagde ytterdøra og oppleva restane av eit enkelt liv med klassisk billege møblar og billegt utstyr elles. Nokre gamle portrett på veggane. Eit stramaibroderi av den lokale kyrkja. I kjøkenskapet nokre koppar som kunne vore arv etter bestemor. Og meir. Sjølv når huset truleg kunne vore berga, var det kanskje ikkje godt nok for ein ny generasjon, eller dei flytta frå bygda og hadde ingen til å overta.

Det er med blanda kjensler eg fotograferer slike tema. Det er ikkje i mine tankar å henga ut nokon. Eg berre konstaterer og registrerer med vemod historias gang og tidas tann. Velsigna vere dei som hadde sitt liv og vyrke her.