Eit lite kyss

Det hender eg må smetta inn eit bilete utanom den vanlege rutinen. For nokre veker sidan viste eg gatekunst på Horneland i Stord. Nyleg har elevar i kulturskulen tilføyd eit nytt maleri på betongen i undergangen. Det er høgaktuelt og med ein snev av humor i desse koronatider.