Harpa

Den lange turen Island rundt, eller trekvart rundt, er i gang. Postkort, prospektkort, kall det kva du vil. For oss to som reiste var det store opplevingar. Vonar eg greier å formidla litt av det. Det blir ingen djupe filosofiske tankar undervegs, men kanskje nokre refleksjonar no og då.

Harpa i Reykjavik er Islands kulturelle storsatsing; stor i forhold til folketal, og dristig av di prosjektet vart gjennomført i ei tid då Island gjekk på ein økonomisk smell. I Harpa «bur» det islandske symfoniorkesteret og operaen. Like før jul spelar London filharmoniske orkester der. Når var dette orkesteret i Bergen / Oslo sist?

Henning Larsen Architects (Danmark) og den islandske kunstnaren Olafur Eliasson har pønska ut huset. Det er sett saman av store flater som i struktur minner om honningtavlene i ein bikube, men er konstruert av glas og stål. Korleis denne haugen med glas skal kunne motstå eit lite jordskjelv, skjønar eg ikkje, men islendingane er vane med katastrofar. Harpa er eit ynda fotomotiv, som det går fram av biletet med dei to liggande turistane.