Hardt stoff

27. mai 2020 – Vegskjeringar er det nok av i dette landet. Dei har ein stor variasjon i farge, mønster og struktur. Utfordringa er å finna ein plass til å parkera bilen. Stundom kan skjeringa kombinerast med andre mtiv (foto nr. 1). Dei tre øvste bileta er frå Seljord i Telemark, det siste frå Stord i Hordaland (ja, eg veit mange fylke heiter noko anna no, men eg brukar dei gamle namna så lenge det er privat).