Guds straff

Nyleg var eg i Vikøy kyrkje i Kvam. Kyrkja har ei viss historisk interesse, men ei brosjyre som er lagt ut i inngangspartiet utelet viktige opplysningar. Du må gå til internett for fleire detaljar. Ei stavkyrkje i elendig forfatning vart riven i 1836. Ei ny kyrkje var på plass eit par år etter. Kven var arkitekten? Internett trør til: Hans Ditlev Franciskus von Linstow; same mannen som teiknna det kongelege slottet i Oslo. Rett nok er Vikøy kyrkje reist etter ei typeteikning, slik Rødlandshusa vart det for ein del tiår sidan, men likevel.

Altartavla er frå 1633, men kom på plass i den nye kyrkja først i 1985. Hovudmotivet er Jesus på krossen. Under dette er det to mykje mindre motiv som du må trø over altarringen for å kunna studera nærare. Kunstnaren er ikkje nemnt for nokon av maleria. Det første viser Jesu dåp i Jordanelva. Det merkelege er ei mor som sit på elvebreidda og ammar eit barn.

Det andre biletet viser koparslangen i øydemarka. Israelittane synda så fælt på vegen frå Egypt at Gud sleppte laus giftslangar mellom dei, og mange døydde. Men Gud angra. Han fekk sett opp ei stong med ein koparslange på. Alle som vart bitne av ein slange kunne berga livet ved å sjå på koparslangen. Det slår meg at Gud straffa israelsfolket ganske hardt mange gonger gjennom historia.