Grått med noko attåt

Det har ikkje noko for seg å gå ut, tenkjer eg stundom. Det er grått, og eg har sett alt før. Heller plukka fram noko tøys på dataskjermen, og då meiner eg TØYS, som Gustafsson, Fleksnes eller Carol Burnett. Då vert det å koma seg ut meir ei plikt enn lyst.

Javel då, masa. Ja. Den elva har eg sett før, men har eg sett henne slik før? Eg snik meg til ei eksponering. Ei elv til, som eg har sett mange gonger. Labbar i småsko ned til den surklete elvekanten – og jamen tykkjer eg det er fint det eg ser.

Og der, på industriområdet, har eg vore mange gonger før, utan å spørja om lov. Eg spør etter sjefen, og kan deretter vandra omkring med reint samvet og utan frykt for å bli kjeppjaga. Ein skraphaug, eller installasjon, ventar på meg. Eg greier ikkje skrapa saman eit konsept, men tenkjer at dette gjer eg like bra som ein seriøs kunstnar. Så er dagen redda.

I dag delte eg ein ospekubbe i to med handsaga. Eg såg på eksteriøret at det var nok brukande inni. Eg har vist slike foto før, men det er som med elva; det er alltid noko nytt.

I slutten av februar  reiser eg vekk nokre dagar, langt vekk, med fotografering som mål. Kanskje eg ikkje finn noko meir interessant der enn det som ligg ti meter frå inngangsdøra heime.