Geitosten

– Excuse me?

Den unge kvinna bak disken gjer det klart at ho ikkje forstår. Eg hadde spurt om det var stor skilnad på smaken på geitostane i kjøledisken. Ho var frå Slovakia. Staden var nærbutikken i Undredal, i hjarta av Noreg. Tidlegare i sommar åt eg og reisefølgjet middag på hotell i Lærdal – endå meir midt i hjarta av Noreg. Den kvinnelege japanske servitøren vart usikker nokre sekund, så lyste andletet opp i det mest tindrande smil eg har sett då ei i reisefølgjet snakka til henne på japansk.

Slovakaren i Undredal og eg stotra oss gjennom samtalen på engelsk, eg fekk smaksprøver, og alt var såre vel. Undredal er ein pussig liten landsby, klemt mellom høge fjell ved Sognefjorden. Sjarmen er moderat, men dei har i alle fall brannstasjon, utan brannbil. Eit gamalt tømra uthus fungerer som oppslagstavle. Eg trur ikkje eg likte det. På Bakka ved Nærøyfjorden gjekk eg så nær dette fartsuhyret at eg stengde utsynet og innbilte meg at eg dermed fekk illustrert ei utvikling eg heller ikkje likar. På fjorden hasta dei små turistbåtane av stad med attraksjonane innstendig annonsert på ulike tungemål over skurrande høgtalarar.

Eg er turistmisantrop. Eg vil vera ein ekte reisande. Det er kanskje det alle dei andre også vil vera. Men Claes Hylinger seier: – Det er mogleg å finna ei djupare meining kor som helst og når som helst.

Så kvifor reiser eg? Det finst vel eit svar på det òg.