Fri kunst

Din tanke er fri, syng dei borgarlege konfirmantane. Nei. Din tanke er styrd av alt som er putta inn i hovudet ditt, bitar av eit enormt tankegods som har vore tenkt før di tid. Eg tenkte på det då eg såg masterutstillinga til kunststudentane i Bergen nyleg. Den digitale teknikken tek meir og meir over; den er vår tids pensel og palett. Betre eller verre? Kven veit. Eg gjekk glipp av opninga, der det sikkert var sagt mange kloke ord om kva studentane tenkjer om kunsten og samfunnet. Eg greier ikkje lenger tolka det som er framfor meg utan å bli det fortalt. Eg ser at mange studentar er fagleg dugande, men bortsett frå det står eg bom fast.

I sist blogginnlegg viste eg nokre husruinar, og her tek eg med ein til, eit stabbur som beint fram var overdådig i alt sitt elende. Desse forfalne husa minner om Utløa til kunstnaren Marianne Heske, som ho fekk stilt ut i Paris. Kva var kunsten i det heile? Idéen.

Eit av verka på masterutstillinga minner om ei forstørra utgåve av noko som nett er kome frå endetarmen. Eit anna verk er ein spiralisert stav som lener seg mot veggen; arven etter den kjende kunstnaren Jan Groth er tydeleg. Same kva tolking eg kjem med vil det truleg vera urettvist mot masterstudentane.

Same dagen var eg innom Kode 4. Med unntak av dei faste utstillingane var vegger og golv så velsigna frie for kunst at romma vart nesten vakre. I det store overlysrommet stod det att litt søppel som eg tykte var storveges. Den fremste installasjoen bør innlemmast i dei faste samlingane til galleriet.

Slik kan ein kle av keisaren og tru ein sjølv er fri. Men det er ingen som er meir bundne av konvensjonane enn me amatørfotografar, og det er ingen som utfaldar seg med så stor glede.


1 response
Kva gjere denne kunsten «fri» er det innhald, eller er det livs anskuelsen til kunstneren sjølv. Den kunsten som er fri for enn sjølv, er den lager å liker og bruker sjølv. Men leger du noke du ikkje liker, men som andre liker og er villig å betale for det, då er du vorten ein slave. Bonusen er sjølvsagt at andre liker egen kunst. Det er vell der mange er som sliter, når dei må selge kunst til staten for ingen andre som bil ha den.