Fred og ro – skit og lort

Når sivilisasjonens lydar vert for påtrengande, reiser eg til ein stad der eg finn den fullkomne freden. Eit industriområde, eller det som i dag kallast ein næringspark. Først ruslar eg blant merkverdig vrakgods og finn mykje snadder for kamerabrikka. Ingen hast. Bilen står ved sjøkanten. Eg set meg inn, lar vindauga stå ope, skjenkjer te frå termosen og finn fram ein lefsepakke. Stille; eg er det einaste mennesket her.

Alt kan fotograferast, heiter det. Eg har aldri tenkt at griseriet i ein tom avfallskonteiner var noko fotomotiv, men eg fall for desse tre. Dette må vera venterommet til Dante's helvete, tenkte eg. Men dei har ein vitalitet som er vanskeleg å forklara. På den andre sida – lågare ned i næringskjeda er det ikkje mogleg å koma. Likevel, det ulmar av mikroliv der nede, sjølv om det kan ta fleire hundre år før alt er nedbrote.

Ein annan type kontainer er seksjonert for avfall som skal resirkulerast. Eg kan ikkje berre gå framom. Eg må inn. Og kva finn eg inst i mørke kroken, om ikkje ei frodig bregne som liknar på sisselrot? Kva har du her å gjera? Det må då finnast vekseplassar som er kjekkare enn dette? Men som det heiter: Bregnas vegar er uransakelege.