Frå urtida

Er det verkeleg så lenge sidan? Som ung – under tjue – fekk eg ein Rolleiflex i neven med ordre om å gå på byen og fotografera. Dei måtte sjå kva eg dugde til. Eg hadde ikkje brukt, og knapt sett, eit slikt kamera før. Resultatet vart studert, og kort etter var eg journalistlærling

Nyleg gjekk eg gjennom gamalt negativmateriale, og vart reint nostalgisk. Eg avfotograferte ein del 35 mm-ruter, og det fungerte bra.

Bileta viser ein livsstil som er borte vekk. Eit eldre søskenpar i Austrheim kommune er i utmarka og slår røsslyng til dyrefor. Eg fotograferte medan Universitetet i Bergen laga ein dokumentarfilm om lyngslåtten. På Varaldsøy (Kvinnherad) skildra eg dei gamle driftsmåtane på ein gard. På Askøy rodde ein hundreåring ut for å trekkja garnet han hadde sett dagen før. Eg fekk vera med. Det vart berre denne eine fisken, men gamlingen takka Gud for fangsten.