Fotografisk jernteppe

Enkelte fotoreiser byggjer seg opp over fleire veker før dei vert realiserte. Slik også med turen til Karmøy nyleg. Eg berre måtte avgarde, og tok med turkameraten. På slike turar er eg underlagt eit sjølvpålagt diktat som eg ikkje likar å vedkjenna meg: Bruk kamera! Som om det er ei skam å koma heim utan noko å visa fram.

Turen i seg sjølv var fin, fri for turistar, kontakt med dei fastbuande, og eit tilfeldig stikk-innom  på Majorstua i Skudeneshavn – ein vaffelkafé stinn av atmosfære (nr. 1). Fotografisk var det jernteppe. Dei fleste bileta vart sletta då eg kom heim. Dei eg for skams skuld tok vare på var heller ikkje rare greiene.

Det murrar i meg når slikt skjer, så ei veke seinare var eg på Karmøy att. Litt havsøppel (nr. 3) balanserte glansbileta frå Åkresanden (nr. 2) og Sandvesanden (nr. 4 og 5). Himmelen serverte sine finaste skyer.

Det nyttar ikkje å tvangsfotografera; då misbrukar ein seg sjølv og mediet. Etter ein 'mislukka' tur les eg gjerne litt i boka som Könemann forlag har gitt ut om Harry Callahan. Der fortel Callahan mellom anna om den gongen han hadde med seg eit 8" x 10" kamera (temmeleg tunge saker) til toppen av eit fjell i Estes Park utan å ta eit einaste bilete. Til trøyst!