Flisespikking

Når eg ikkje er nøgd med fotoa mine, reiser eg ut for å ta dei om att dersom turen ikkje er for lang. Her blir det bitte litt teknisk prat. Det øvste fotoet viser noko som liknar ei lita rangle. Den heng i ei naustdør. Første gongen eg fotograferte den brukte eg bl. 2,8. Eg kom ikkje vinkelrett på tråden, og dermed vart nedre del av opphenget uskarpt. Neste gong klatra eg opp på ein stol eg fann i naustet, og kom i posisjon til å få heile  rangla skarp, sjølv med 2,8 på nært hald.

Når eg først var i strandkanten ville eg gjera noko ut av ein solid, maltraktert trekubbe. Eg baksa ei stund med han i fjøresteinane, og fekk endeleg lagt han der eg ville ha han. Så det er ikkje alt som er slik det var i utgangspunktet. I dette tilfellet gjer det ikkje noko. Biletet blir ikkje meir eller mindre sant ved at eg flytta på kubben. Skilnaden er berre ulike komposisjonar, og eg ville ha den beste.

Det tredje fotoet er ei løe eg har vakta på i eit par år. Sist eg køyrde framom var ho komen så langt som dette. Høgredelen er framleis nesten intakt, med svære naturheller på taket.

Det siste fotoet viser mitt nye og uhyre enkle utandørs fotoatelier. Nøytral bakgrunn, mørk eller kvit, på ein papprull som kan hektast ned når han ikkje er i bruk. Fin til småting og portrett. Kostnaden er minimal.