Så var det gjort. Målet er nådd – Fjoneferja, eller M/F «Nissen», som ho formelt heiter. Ho kryssar Nisservatn i Telemark i dei nokolunde milde årstider, og er den eine av to innlandsferjer i Noreg som er sertifisert for biltrafikk. Den andre går på Randsfjorden, og den fekk eg med meg tidlegare i sommar.
«Nissen» er ei lita og skranglete ferje med plass til tre personbiular eller éin lastebil. Kanskje det er rettare å seia at ho er ein lekter med påsveist styrehus på utsida. Til faste rutetider dreg ho seg fram langs ein vaier over det 500 meter breie sundet. Skipparen er nederlandsk, og – tru det eller ei – han måtte ta kystskippereksamen for å føra denne prammen. Kanskje kunnskapen kjem godt med når bølgjene på Nisservatn går meterhøge. Skipperen møter meg i dongeri og bar overkropp då eg går om bord. Ingen andre skal vera med. Også attendeturen er fri for bilar. Ved neste avgang ventar det endeleg ein syklist. Eg har sett bilete av «Nissen» med lastebil ombord, og det ser ein smule vågalt ut.
I Fjonebygda, der skipperen bur, har han laga ein triveleg ekspedisjon med blomar utanfor, utlånte av ein lokal blomehandlar.
«Nissen» fraktar om lag 6 000 bilar i året. Om sommaren kan det vera opptil 80 passasjerar på ein dag, mest turistar. Hugnaden kosta meg tjue kroner tur-retur. Ein triveleg prat fekk eg på kjøpet.
Vegvesenet har sett opp standardskilt for ferjer som viser ned til ferjekaien. Ferjesymbolet samsvarar dårleg med den farkosten som tråklar seg over sundet.