Farvel, Island

Medan det har gått nedover med den islandske småbyen Eyrarbakka på sørvestkysten, har det gått oppover for nabobyen Thorlakshöfn. Ca 1950 var det registrert ein – 1 innbyggjar i byen. No er det 1 500 innbyggjarar. Betre infrastruktur gjorde utslaget. Dei fleste lever av fiskeria, enten på havet eller i foredlingsindustrien.

Me svippa innom byen på jakt etter ein kafé me hadde høyrt rykte om. Tråla folketomme gater på kryss og tvers. Jau, sa dei me spurde, det skulle vera ein kafé i hamneområdet. Så var det nye rundar nede i hamna, og tilfeldig oppdaga me «Hendur i höfn», ei blanding av kafé og glaskunstbutikk. Svært triveleg kafé, og svært triveleg personale. Me fekk smaksprøver på det me hadde å velja mellom. Så vart det kyllingsuppe med tomat, ananas, fløyte, løk og varme krydder. Me greidde ikkje la vera å handla litt av krydderet i hyllene, og det er framleis i bruk minst ein gong i veka.

La meg avrunda turen med eit gravminne på bispesetet Skálholt. Grava og det vide slettelandet nedanfor gjer like sterkt inntrykk kvar gong eg opplever det. To namn er inngraverte i det vesle hjarta. Og den vesle geysiren Strokkur har du sikkert sett på foto mange gongen før, men eg tek han med likevel som det siste bilete frå Island.

No har eg klamra meg så lenge til ein lang og trygg serie at det kjennest usikkert å koma ut i fotokvardagen att. Men det lyt til.