Farleg stoff

Eg bladde nyleg gjennom ei mengd bloggar om naturfoto. Mange av bileta ligg det ein imponerande innsats bak. Men eg gjekk fort lei. Eg kom til å tenkja på Roalds innlegg på denne bloggen 7. november, der han siterer Susan Sontag om den visuelle ureininga. Det kan ikkje vera naturfoto, ein bestemt sjanger, ho meinte. Men nok var nok akkurat då. Det var som å verta tvangsfora. Kanskje det er difor eg i dag slår kontra med ein liten serie plast, og kanskje er det ein liten misjonerande baktanke.

Plast er eit av vår tids viktigaste materiale. For meg er det mest fotografisk tiltrekkande når det har gjort si teneste, og enten er i retursystemet eller forvitrar i naturen på stader det ikkje bør vera. Problemet med plast er at den er like mykje til stades både i bruk og etter bruk. Slå opp på «Plast og forurensing» på Google. Du kan bli mørkredd av å lesa det som står der. Eg ante ikkje at problemet var så omfattande. Lukke til med neste handlepose!