Fargar eller ei, det er spørsmålet

Ein gyvel er ein kraftig busk tettpakka av intenst gule blomar. Det er nesten heilagbrot å tenkja seg denne hageplanten i svart kvitt. Men alt går. Etter ein av mine siste vandringar kom eg heim med både gyvel og rhododendron på brikka. Sistnemnde kan også vera overveldande i sin fargeintensitet. Poenget er å laga ein liten serie om korleis bebuarane i burettslag og villastrok pyntar uteareala – nokon til glede for seg sjølv, andre er (kanskje) i tillegg motiverte av å laga ein skrytehage. Å fjerna fargane snur opp ned på heile hagekonseptet.

Så det vart gyvel i svart og kvitt. Det er ei formsak kor mykje ein gjer ut av det.

Dette innlegget er kort, og eit forvarsel om at det i ferietida kan bli litt lenger avstand mellom blogginnlegga. Bloggsjefen (fy for eit ord!) kan ikkje gå god for kva medbloggarane finn på. Me har alle tre eit ønskje om at dei som likar bloggen også fortel det til andre, og at bloggen kan bli eit forum for diskusjon om fotografi, om mogleg også litt i djupna.

God sommarferie til alle – og me held det gåande.