Eit knappenålshovud i havet (I)

Turen til Island held fram – frå Akureyri til Grimsey i ein mygg av eit fly med plass til åtte passasjerar. Dei to amerikanske turistane kryp saman i baksetet. Flyplassbygnigen er knøttliten, og ligg vegg i vegg med gjestehuset Basar. Om kvelden deler amerikanaren, følgjet mitt og eg ei flaske vin i den flammande solnedgangen. Me er dei einaste gjestene. Om morgonen steller vertinna, Gagga, i stand frukost til oss og reiser på arbeid i «tettstaden» Sandvik. I matsalen heng det tett med foto av gamle hus og menneske på øya.

Grimsey er nodlegaste øya på Island. 4,7 km lang, 1,7 km brei, og 40 km frå fastlandet. Polarsirkelen skjer rett gjennom øya. Ein del turistar tek turen hit for å stå på den usynlege sirkelen, og dei fleste anar ikkje at sirkelen dei trur seg å stå på i røynda ligg femti meter lengre nord. På denne flekken i den nordlege Atlanterhavet bur det om lag 90 menneske. Eg spør Gagga korleis dei unngår inngifte all den tid den fertile delen av folket er langt færre.

– Ein mann reiser til Akureyri når han finn tida moden. Møter han ei kvinne som er viljug til å flytta hit, så flytter ho hit. Det hender også at ei kvinne tek ein mann med seg til Grimsey, fortel ho.