Eg tyr til byen når det blir for trongt i heimemiljøet, og så oppdagar eg at det kan vera trongt i byen òg. I dei sentrale kunstinstitusjonane er det lite å henta, men eg er innom for skams skuld. Då er det betre å traska gatelangs. Her er det også kunst om enn ikkje institusjonalise. Det sinnet og den ironien som framstår i gatekunsten er lettare å forstå enn politisert frustrasjon som kjem til uttrykk i offentlege kunstsamlingar og som knapt let seg forstå utan lange og vidløftige forklaringar.Men heng dei fysiske uttrykka saman med det verbale?
Eg tolkar «state of denial» som ein lettforståeleg ironi over dei såkalla klimafornektarane i USA. Det er fullt mogleg å fiska sjølv om kloden druknar, eller eventuelt står i brann. Og så er det ein eller ei som har gjort seg stor umak med å dekorera ein klassisk arkitektur i ei av smågatene. Dei siste fotoa viser kollisjonar i arkitekturen. Den første av dei to har eg ikkje lagt merke til før no, endå eg har gått same gatestubben mange gonger.