Ein tur på byen

Ein tur på byen kan for meg like gjerne vera til ein stad utan menneske, men med rikeleg av spor etter menneskeleg aktivitet. Sist veke var eg innom industriområdet Eldøyane att. Spora etter menneske der er nokså einsidige. Det siste som kunna minna om eit naturområde, er fjerna. Alt det herlege skrotet eg hadde glede av er også for det meste borte. Eit lite område der eg gjekk og snoka for eit par månader sidan, er inngjerda. Dei hadde vel sett at eg luska omkring.

Det kan gå lang tid før ein er fotografisk ferdig med eit område, men det kan vera greitt med ein pause. Eldøyane skal få fred for meg på, noja, ubestemt tid. Så farvel. Det er alltid noko anna å bruka augene på.

Når eg først var der, laut eg krysta dei siste dropane ut av området. Difor vert det litt fleire foto enn vanleg denne gongen.

Snakkar med meg sjølv: Sjå der, ein raud klut. Sjå ein gong til. Gå ein runde, og så attende til den raude kluten. Der ja. Eg fekk ei kjensle av noko sakralt eller martyraktig. Men det er det ikkje; berre ei raud fille. Eit par rustflekker etter gamalt. Eit vindmøllevrak frå Fitjar. Mølla vart øydelagd av brann for nokre månader sidan. Den same mølla har vore lagra på Eldøyane før, men då som uskadd og umontert. Dimensjonane gjer inntrykk. Det siste fotoet viser lag med fiber som er skkrella av møllesokkelen. Eg likar å sjå det som toreskyer, regn og opprørt sjø, med eit snev av noko japansk over seg.