Ei stjerne til Berger

I Hornelandsvågen på sørspissen av Stord er det ein kort tunnel med gatekunst som i kvalitet overgår mykje av profesonell, alvorstyngd og uforståeleg moderne kunst. Torill Berger er kunstlærar på kulturskulen i Stord. I tillegg til å gleda gåande i tunnelen har ho ikkje andre ambisjonar enn å visualisera draumar og tankeflukt på ein ukomplisert og vakker måte. Eg trudde kvinneportrettet var av Berger sjølv, men så langt vil ho ikkje dra det.

Biletet av ungdomen med køyrebriller er ikkje ferdig enno, men det er så bra også på dette stadiet, at eg gjerne viser det. Brua går mellom Stord og fastlandet. Ballongane viser Bergers fascinasjon for desse «fartøya», som er estetiske både i form og framdrift. Dei er også ein kontrast til den bråkete og målmedvitne trafikken over brua. Kunstverka skal presenterast offentleg når dei er ferdige litt seinare i år. Kunsten i Hornelandsvågen er også ein måte å visa elevane i kulturskulen utfordringane med å arbeida i stort format.