Ei kyrkje i verdsrommet

Sist sundag var eg – som ein av tre fotografar – på ein 600 km lang heisatur med bil. Ingen kvinner, vin og song. Berre eitt motiv: Urnes stavkyrkje nesten inst i Sognefjorden. Fotografane var fordelte på tre generasjonar, og utstyret omfatta det meste, frå 8 x 10 toms storformat til amatøraktig digitalt småformat. Intensjonane var like ulike som fotografane, men alle tre hadde stor glede av utfordringa dei møtte. Urnes stavkyrkje treng litt stell og pleie, og er for tida omgitt av eit sinnrikt stillassystem. Poenget er at kyrkje og stillas ikkje skal berøra kvarandre. Stillaset er difor dimensjonert slik at det står stødig av seg sjølv.

Stavkyrkja er frå ca år 1130, og ei av dei eldste i Noreg. Ho er også den einaste stavkyrkja i landet på verdsarvlista til UNESCO. No var ho innhylla i ein kokong av metallstenger. Det såg ut som ein interstellarisk konstruksjon som hadde landa inst i Sognefjorden.

Fotografane hadde to timar på seg før dagslyset forsvant. I tillegg til alle kilometrane fordøyde me to ferjeturar (ein med svele; oppskrytt), ein slingrete fjellovergang, og det som opplevdest som summen av alle tunnelar på Vestlandet. I tillegg vart det ein avstikkar til Hopperstad stavkyrkje. Alt på 23 timar.