Dramatisk

To dagar etter kvarandre har eg vandra på stader med bilvrak. Ingen tvil om at det som har skjedd med desse bilane har ført til mykje smerte. Ein bieffekt er at det kostar samfunnet store summar. Kan ikkje folk køyra med vet, tenkjer eg, og gløymer lett at eg sjølv har hatt uhell og nestenulukker. Det slår meg når eg ser på bileta i etterkant at nokre av dei hevar seg over «knust frontrute»-etiketten og meir nærmar seg abstrakte glasmaleri.

Den uskadde ruta er keisam og vert knapt lagt merke til.. Den skadde er interessant. Det oppstår fargar og komposisjonar som er fascinerande og spennande. Samstundes skal ein vera varsam med slike motiv – det kan vera nok med ein serie på under ti, elles blir det for mykje repetering. Men eg er alltid på jakt etter det som bryt med det eg har fotografert før.