Det som ikkje er sett før

Kvifor eg gjer det, veit eg ikkje. Syklar om att til dei same stadene, om att og om att. Kanskje ser eg noko nytt som eg ikkje såg sist. Kanskje er noko lagt til eller fjerna. Kanskje står sola i ein annan vinkel. Kanskje det er mørkt og overskya der det sist var sol. Skal vedda på at det tek til å bli spor i asfalten der eg har sykla. Det er som Flax, kanskje er det gevinst på neste lodd.

Resultatet er mange enkeltfoto, denne forbanninga som ikkje passar inn i nokon serie, og som dermed må ha uvanlege kvalitetar for å hevda seg. Likevel er det spennande. Eg står inne i ein rusten konteiner som manglar eine kortveggen og er utan tak. Javisst har eg stått her før. Kanskje eg ser noko eg ikkje har sett før? Den ruststripa i kroken der… Like ved, eit vrak av ei brakke. Eg brukar feil innstilling på kameraet og får ei eksponering på 10 sekund. Då er det berre å halda kamera i ro til det er over. Det går ikkje, men det er greitt nok. Nokon var her før meg; har sove her. På veggen er det spraya «Fuck!».

Sandskapa ligg i sykkelruta. Eg er stadig innom for å sjå korleis dei forandrar seg. Dei som arbeider på anlegget veit kva eg er ute etter: «Du skulle vore her i går, då var han verkeleg fin!». Då blir eg småsur på meg sjølv som ikkje var der i går.

På eit område eg ikkje har vore inne på før kosar ein plante seg i eit pissoar. Ombruk.