Eg bladde gjennom eit glansfullt nummer av «Outdoor Photography» ein dag. Eg vart misunneleg på alt det vakre eg såg, og tanken på å pakka saman og gje vekk fotoutstyret var snublande nær. Det var briljante foto av mektig natur og av små ting. Det slo meg, då eg fekk summa meg litt, at dette var Barbie-dokke-versjonen. Fotografane brukar digitale verktøy for å sukra bileta. Eg tenkte at det var ikkje slik dei såg det, og då treng dei hjelp. Dei fleste foto er falske, og ikkje berre i overgangen frå det tredimensjonale til det todimensjonale. Eg kan lesa meg trøytt på lærde refleksjonar om fotografi; no sist Siri Hustvedt i «Livet, tanken, blikket», ei bok til mykje ettertanke. Eg går kanskje under radaren om eg held meg til det enkle og banale. Må vedgå at eg strør litt sukker på, eg òg.
Eg går ikkje så mange hundre meter før eg finn det eg leitar etter, og det eg ikkje leitar etter: Ein vask, fire doar (gjengangar), ein vegg, og ein vegg til. Har hatt litt dårleg samvet for dei doane, men då eg endeleg spurde sjefen for røyrleggjarbutikken var det heilt greitt. Og doane skal knusast likevel.